Rådgjevar, friluftsliv

Vi ønskjer oss ein strukturert og nøyaktig rådgjevar til seksjon for idrett og friluftsliv. Er det deg?

Avdeling for kultur, idrett og inkludering søkjer rådgjevar, friluftsliv

Stillinga ligg til seksjon for idrett og friluftsliv.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune skapar rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Vestland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet l gagn og glede for alle.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsfeltet er friluftslivet sine 4 A’ar: allemannsrett, areal, anlegg og aktivitet. 
Dette inneber oppfølging av politikk og tiltak knytt til friluftsliv i dei to gjeldande kulturplanane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og i anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune.

Arbeidsoppgåvene vil m.a. vere:

  • Bidra til nasjonal, regional og kommunal politikkutforming innan fagfeltet m.a. gi høyringsfråsegner, lage politiske saker og faglege presentasjonar.
  • Samhandling med kommunar, regionale frivillige friluftsorganisasjonar og friluftsråd .
  • Sakshandsame statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar innan fagfeltet.
  • Bidra i prosjektet Plan for friluftslivets ferdselsårer (2019-2023)
  • Bidra til statleg sikring av fleire friluftsområder og god forvaltning av desse (m.a. rettleie og godkjenne forvaltningsplanar for områda)
  • Bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag m.a. kvalitetssikre og ajourføre Naturbase.no
  • Gjennomføre konferansar og nettverkssamlingar
  • Informasjonsarbeid om rettar og plikter knytt til allemannsretten
  • Bidra i tverrfagleg samhandling om fagfeltet t.d. kulturminne, folkehelse, planarbeid og reiseliv. 
  • Andre oppgåver det er naturleg å leggje til stillinga.

Søkjar bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet.

Kvalifikasjonar
  • relevant høgskuleutdanning på mastergradnivå (i særlege tilfelle kan dokumentert realkompetanse kompensere for krav om master)kompensere for krav om master)
  • kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
  • gode IT-kunnskapar
  • kjennskap til planprosessar og relevante lovverk
Personlege eigenskapar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • ryddig, strukturert og nøyaktig
  • evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
  • stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
  • spanande tverrfagleg utfordringar i eit miljø i stadig utvikling
  • eit stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • løn- og arbeidsvilkår etter avtale
  • noko reising og ugunstig arbeidstid kan førekoma
  • vanlege tilsetjingsvilkår for Vestland fylkeskommune.
Andre opplysningar
  • frå bruttoløna vert det trekt 2% i pensjon.
  • Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsmål og det vert gjeve opplæring om naudsynt.
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Vestland fylkeskommune – Rådgjevar