Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Har du erfaring frå tilsyn eller kontrollarbeid? Vil du trivast med å få innsikt i korleis verksemdene etterlever miljøkrava? Meiner du at du kan representere staten på ein profesjonell måte og er trygg og tydeleg i kommunikasjonen? Da bør du søkje!
Mellom 4000 og 10 000 tonn elektrisk og elektronisk (EE) avfall i Noreg hamnar truleg på avvegar og mykje eksporteres ulovleg ut av landet. Miljødirektoratet har eit viktig samfunnsoppdrag og gjennom tilsyn med næringslivet bidrar vi til å unngå skade på helse og miljø. Vi jobbar for å førebyggje, stanse og følgje opp ulovleg eksport av elektrisk og elektronisk avfall. Mellom tiltaka er å føre tilsyn og kontroll med heile verdikjeda frå returmottak for EE-avfall til eksport.
Innanfor desse oppgåvene er det no ein ledig mellombels stilling i industritilsynsseksjonen med eit års varigheit og med mogelegheit for forlenging på eit år. Seksjonen har arbeidsstad på Helsfyr i Oslo.
I denne stillinga får du mogelegheit til å bryne deg på samansette og komplekse saker. Du vil jobbe tett med motiverte, omgjengelege og profesjonelle kollegaer som arbeider målretta og i team for etterleving av miljøregelverket i Norge. Vi jobbar tett med statsforvaltarane som er vår forlengja arm, og vi samarbeider med andre tilsynsmyndigheiter og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidet er utovervend og du må rekne med noko reiseverksemd (ca. 20-40 døgn i året). Arbeidskvardagen er prega av variasjon, utvikling, godt samarbeid, og gjensidig støtte og tillit. Ønskjelege personlege eigenskapar blir derfor lagt vekt på.
Les meir om Miljødirektoratets tilsyn her.
Utføre tilsyn og tilhøyrande saksbehandling med eksport av avfall:
Andre tilsynsoppgåver innan avfallsfeltet kan også vere aktuelt.
John Petter Reinertsen
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Kontaktperson for stillinga er fungerande seksjonsleiar Henning Gøhtesen, tlf 90 50 66 96 eller e-post: henning.gohtesen@miljodir.no.
Spørsmål om søknadsprosessen kan og stillast til Trine Bakken Watne, tlf 95 77 46 31 eller e-post: trine.bakken.watne@miljodir.no.
Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.
Merk søknaden: 25-2021 TIN
Søknadsfrist: 4. mai 2021
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring.
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne, hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.