Vil du være vår nye koordinator for eksport og import av avfall?

Rådgivar/seniorrådgivar - eksport og import av avfall

Om stillinga

Vi søkjer ein målretta og engasjert medarbeidar til eit vikariat som fagkoordinator for vår faggruppe for eksport og import av avfall. Hos oss får du moglegheit til å bidra inn i viktig arbeid med utfordrande og viktige samfunnsoppgåver i samarbeid med svært kompetente kollegaer.

Seksjon for avfall og gjenvinning er ein av fem seksjonar i Miljøgiftavdelinga. Seksjonen har ansvar for regelverk og verkemiddel innan avfall, som avfallsførebygging, innsamling, materialgjenvinning, returordningar, farleg avfall og eksport/import av avfall. Ansvaret for sirkulær økonomi og koordinering av EU/EØS-arbeidet i Miljødirektoratet faller også under vår seksjon.

Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har svært mykje utoverretta kontakt med andre statlege etatar, statsforvaltaren, næringsliv og myndighetar i andre land. Vi formidlar den nasjonale politikken innan avfall og sirkulær økonomi, arbeider for å nå dei nasjonale måla og varetek Noregs internasjonale forpliktingar og interesser innanfor ansvarsområda våre.

Seksjonen har 18 engasjerte medarbeidarar og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • Koordinering av faggruppa for eksport og import av avfall, som å planlegge og styre arbeidet og sikre forvaltning av regelverket på området
  • Bidra til at avfall blir eksportert, importert og behandla på ein miljømessig god måte
  • Medverke i EU si regelverksutvikling og sikre gjennomføring i norsk regelverk
  • Arbeide for å forebygge og følje opp miljøkriminalitet innan eksport og import av avfall
  • Tett kontakt mot andre etatar, næringsaktørar og myndigheiter i andre land
  • Bidra inn i anna arbeid i seksjonen, inkludert utreiingar, regelverksutvikling, informasjon, vegleiing og forvalting av regelverk innan ansvarsområdet vårt

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • Du har mastergrad innan relevante fagområde, for eksempel innan naturvitskap, statsvitskap, eller anna samfunnsvitskap.
  • Du må ha minst 3 års relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå avfallsbransjen eller med myndigheitsutøving.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk vil telle positivt.
  • Du har særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Det vil tilleggas vekt om du har erfaring med koordinering av arbeidsoppgåver, leiarerfaring eller erfaring med prosjektleiing.

Eigenskapar

  • Du er effektiv og fokusert, og god til å levere rett kvalitet til rett tid i ein hektisk kvardag.
  • Du er strukturert, og god til å koordinere, planlegge og prioritere arbeidet for deg sjølv og andre.
  • Du har særs god heilskapsforståing og klarer å sjå dei store linjene.
  • Du har særs gode samarbeidseigenskapar, og likar å oppnå gode resultat saman med andre.
  • Du har god rolleforståing og er bevisst på at du representerer norske myndigheiter.
  • Det er ønskjeleg at du er komfortabel med å halde presentasjonar og at du handsamar å ta ordet i større forsamlingar, også i internasjonal samanheng.
  • Evne til å sjå nye løysingar og moglegheiter, og til å tenkje vidareutvikling vil vektast positivt.

Vi tilbyr

  • eit vikariat med anteke varigheit ut juli 2024, med moglegheit for forlenging
  • moglegheit til å vidareutvikle arbeidet på eit viktig og prioritert samfunnsområde
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar i lønnspennet ltr. 58/kr 524 900 – ltr. 74/kr. 702 100 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Hege Rooth Olbergsveen på telefon 41521909 eller e-post hege.rooth.olbergsveen@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan òg stillast til Gunn Hilde Garte på telefon 47751389 eller e-post gunn.hilde.garte@miljodir.no.  

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Last opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 35-2021 MAF

Søknadsfrist: 8. august 2021

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Søknadsfrist

14. august 2021

Arbeidsgiver

Kommune

Oslo

Omfang

Heiltid

Varighet

Vikariat/mellombels

Arbeidssted

Helsfyr i Oslo

Rådgivar/seniorrådgivar – Miljødirektoratet – Jobbnorge – ID 208345