Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknadar i Staten. Anonymiseringa av søknadane skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Med bakgrunn i anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen vert det utarbeidd statistikk som skal danne grunnlag for Difi si evaluering av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vert ikkje utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentlege søkjerlister og utvida søkjerlister vil gjelde. Denne stillinga er omfatta av forsøket med anonyme søknadar. Det er derfor viktig at du som søkjar registrerar ein uttømande CV i Jobbnorge-profilen din. I samband med val av kandidatar til intervju vil CVen din vere grunnlaget. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
Fiskeridirektoratet region Midt dekker fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionen har ein stor og variert fiskeflåte og fiskeindustri, som står for rundt 1/3 av norsk fiskeeksport. Region Midt har omtrent samme andel av all akvakulturproduksjon i Norge.
Dei marine næringane er i vekst og utvikling. Dette stiller store krav til Fiskeridirektoratet som forvaltar og premissleverandør for ei næring som stadig får ei viktigare samfunnsøkonomisk betyding.
Regionen har i underkant av 40 tilsette fordelt på tre seksjonar. Regionskontoret er i Ålesund og vi har kontorstadar i Trondheim, Rørvik og Kristiansund. Vi har ledig ei fast stilling som inspektør ved kontrollseksjonen, med kontorstad i Ålesund.
Primæraktiviteten ved kontrollseksjonen er kontroll/tilsyn med havressurslova og deltakarlova. Kontrollaktiviteten retter seg først og fremst mot aktiviteten til fiskefartøy og fiskeindustrien. Dette betyr at vi følgjer/kontrollerer fangstane frå dei blir lossa til dei er i butikkane/hjå forbrukerane med ulike metodar. Turistfiske og fritidsfiske fell også inn under vårt ansvarsområde.
Du kan kontakte Elisabeth Dahl ved Personal- og oganisasjonsutviklingsstaben på tlf 90615461.
Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.
Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styresmakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 tilsette, noko over halvparten arbeider i dei fem regionane og resten ved hovudkontoret i Bergen.
I Fiskeridirektoratet er det eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetnad, samt å rekruttere personar med innvandrerbakgrunn, personar med nedsatt funksjonsevne og enkelte manglar i CV. Opplysingar om dette kan bli brukt til registreringsformål. Som IA- bedrift vil vi tilrettelegge arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne. Kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppfordrast difor om å søkje.