Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
SNO er ei avdeling i Miljødirektoratet og er det operative feltorganet til direktoratet. Vi fører tilsyn med at avgjerdene i miljølovgivinga blir overhalde gjennom kontroll, informasjon og rettleiing, og arbeider med registrering, dokumentasjon, skjøtsel og tilrettelegging i naturen. Avdelinga har om lag 100 tilsette fordelte på 56 lokalkontor i heile landet, og har i tillegg ein sentral stab lokalisert i Trondheim.
Vi søker ein erfaren og sjølvstendig medarbeidar som blir motivert av Statens naturoppsyn (SNO) sine arbeidsoppgåver. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene for seksjonen er verneområdeoppsyn, skjøtsel, restaurering og nedkjemping av framande artar i tillegg til tilrettelegging og overvaking i verneområde. Andre oppgåver som lakseoppsyn, motorferdselsoppsyn, kulturminneoppsyn og sjøfugloppsyn inngår òg.
Denne stillinga har det geografiske ansvarsområdet sitt på Sunnmøre og har kontorstad i Ålesundsområdet. SNO har òg kontor i Geiranger som blir disponert av SNO-personell i regionen. Stillinga er tilknytt seksjon naturtilstand areal som har 15 medarbeidarar.
Det vil òg vera aktuelt å delta i andre arbeidsoppgåver som motorferdselsoppsyn og kulturminneoppsyn. Alle tilsette i lokalt SNO er tillagt kontrolloppgåver etter naturoppsynlova, og ein må rekne med å måtte bidra i oppdrag på tvers av fagområde og seksjonar, i og utanfor eigen region.
Kvalifikasjonar
I tillegg er det ønskeleg at du har god lokalkunnskap.
Eigenskapar
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Liv S. Nilsen, tlf. 99509964 eller e-post: liv.sigrid.nilsen@miljodir.no.
Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Last opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.
Merk søknaden: 28-2021 SNN
Søknadsfrist: 24. mai 2021
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring.
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
For oppsynsstillingar i SNO er det nødvendig med god fysisk helse.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.