Avdelingsleiar for Heimetenesta, 100 % fast stilling

Heimetenesta skal gi tenester til dei som bur heime og i våre 43 omsorgsbustader.

Omsorgstenestene er for tida inne i ein spennande prosess der vi arbeider med ei framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane. Kommunane i Hallingdal har eit utstrakt samarbeid på mange område, og arbeider for å løyse nokon av utfordringane i fellesskap.

Det er ein forventning om stor grad av tverrfagleg samarbeid i avdelinga og avdelingane. Leiargruppa i helse og omsorg har ein brei fagleg samansetning. Kommunen har god leiarstøtte og eiget oppfølgingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å vera ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sine styrkar.
Avdelingsleiar er delegert det administrative og budsjettmessige ansvar for avdelinga i tillegg til personalansvar og fagleg ansvar. Som avdelingsleiar vil du ha muligheit til å utvikle tenesta. Vi ynskjer engasjement og resultat.
Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef og sit i leiargruppa for helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver:

* Leie verksemda i tråd med overordna planer og sørgje for at pålagte oppgåver skjer i samsvar med gjeldande faglege og rettslege rammer
* Sørgje for at avdelinga tek i vare sine primære oppgåver innan utgreiing, behandling, undervising og informasjon overfor pasientar og pårørande
* Sikre god rekruttering og eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle medarbeidarar
* Sikre fagutvikling og kvalitetssikring ved avdelinga
* Sikre rapportering, evaluering og strategisk initiativ knytt til aktivitetsmål
* Etablere og ta i vare god samhandling med samarbeidspartnarar i kommune- og spesialisthelsetenesta

Er du ein av våre nye avdelingsleiarar?

Vi søkjer ein synleg og samlande leiar som arbeidar strukturert, men som også er kreativ og initiativrik

Du har:
  • høgskuleutdanning innan helsefag, fortrinnsvis sjukepleier eller vernepleier
  • erfaring med IKT som arbeidsverktøy
  • førarkort for bil
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ynskjer at du:
  • har erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
  • har kunnskap om turnusplanlegging
  • er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere
  • har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver
  • er strukturert og prosessorientert med fokus på løysingar og resultat
  • har evne til dialog og samarbeid
  • kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette
Vi tilbyr:
  • mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
  • tett samarbeid i ei god og trygg leiargruppe
  • fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
  • tverrfagleg samarbeid og nettverksgrupper både internt og i Hallingdal
  • løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
  • god pensjonsordning
  • hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass
Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt løn- og personalavdelinga via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du “Registrere søker” for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på “Glemt brukarnamn/passord”, som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakt
Aud Torill Sæbø
Kommunalsjef for helse og omsorg

916 73 948

Søknadsfrist: 14.08.2020
 

Områdeleiar, 100% fast stilling ved Miljøterapitenesta, avlastning og pårørandestøtte

Gol kommune vil styrke tilbodet til familiar med store omsorgsoppgåver. Vi har fire samlokaliserte leilighetar knytt til ansvarsområdet. I tillegg har vi fleire heimebuande brukarar.
Fleire familiar har i dag eit avlastningstilbod i kommunale leilegheiter. Nokon ungdommar skal snart flytte for seg sjølv og dei vil ha behov for god hjelp og støtte i denne prosessen. Området har ansvar for alle avlastningstilbod i kommunen, samt støttekontaktar og personar med brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Samarbeid med koordinerande eining vil vere ein viktig del av arbeidet. Som områdeleiar er du leiar for ei gruppe tilsette som i dag består av 10 personar.

Stillinga er ein av fire områdeleiarar i avdelinga. Gol kommune har god leiarstøtte og eige oppfølgjingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å få ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sine styrkar. Vi ynskjer engasjement og måloppnåing.

Vi søkjer etter ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringar og å arbeide i team.

Du vil arbeide mykje selvstendig. Næraste leiar vil vera avdelingsleiar for miljøterapitenesta.

Arbeidsoppgåver:

* Leiing av eige område med ansvar for tilsette.
* Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
* Samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt foreldre/pårørande.
* Ansvar for kommunens tilbod til personar og familiar med auka behov for omsorg, som støttekontakt, avlastning og BPA

Kvalifikasjonar:

* Bachelor i vernepleier. Anna miljøterapeutisk utdanning som pedagogikk, sjukepleie eller liknande vil bli vurdert
* Ynskjeleg med videreutdanning eller erfaring inna leiing
* Sertifikat for bil
* Søkjar må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Du er:

* Ansvarsbevisst
* God til å samarbeide
* Løysingsorientert
* Arbeidar sjølvstendig

Vi tilbyr:

* Varierte og spannande arbeidsoppgåver og utfordringar
* Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa
* Vi tilbyr eit godt nettverk av leiarar
* God pensjonsordning
* Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass

For stillinga gjeld:

Lønn- og ansettelsesvilkår i samsvar med lov og avtaleverk

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 
Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt løn- og personalavdelinga via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du “Registrere søker” for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på “Glemt brukarnamn/passord”, som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakt

 

Aud Torill Sæbø

 

Kommunalsjef for helse og omsorg

91673948
 
Robert Bø
Avdelingsleiar

90695851
 
Søknadsfrist: 14.08.2020
 
Gol kommune – Avdelingsleiar for Heimetenesta og Områdeleiar
Frantz er den nye standarden for datadrevet kandidatsøk der kvalifiserte kandidater kobles mot relevante stillinger.
 
Frantz bistår med stillingsannonsering og tar personvernet på største alvor. Annonsene du ser er målrettet til din målgruppes nettadferd og vi ønsker å kun vise deg annonser du er i målgruppen for. Dersom du trykker ok, tillater du at vi måler hvilket nettsted du kom fra og din adferd inne på kampanjesiden. Klikk “Endre” slik at vi får forklart hvordan og hvorfor vi ønsker å måle trafikken før du tar et standpunkt.