Byggeleiar - Bypakke Ålesund

Har du lyst å arbeide med det største samferdselsprosjektet som nokon gong er gjennomført i Ålesund? No søker Ålesund kommune etter ein byggeleiar som får ansvaret for å arbeide med byromsutvikling i samband med gjennomføringa av Bypakke Ålesund. Som byggeleiar vil du få ansvar for å sikre at planlegging og utbygging blir utforma i samsvar med ønska utvikling av bysentrum og omegn. Blant prosjekta finn vi ny gateterminal for bysentrum, knutepunkt for Campus Ålesund og andre trafikksikringstiltak.

Bypakke Ålesund har ei førebels ramme på 3.6 milliardar kroner, og omfattar bygging av ny firefelt veg i tunell frå Moa gjennom Lerstad til innfartsvegen. Du vil få ei sentral rolle i gjennomføringa av campusplanen og vere med på kollektivsatsinga i kommunen. Bypakke Ålesund har òg ansvaret for bygging av sykkelvegar og omfattande utbetringar av trafikkfarlege kryss i Ålesund.

Stillinga vil vere knytt til verksemda veg, grønt og anlegg. Stillinga fordrar eit tett samarbeid med prosjektorganisasjonen til prosjekteigarane.

Hovudoppgåver

  • Prosjektkoordinering og -oppfølging av prosjekt tilknytt Bypakken
  • Byggeleiing og byggekontroll med prosjekt som gjennomførast i kommunal del av Bypakke Ålesund
  • Prosjektleiing av mindre prosjekt som skal gjennomførast som ein del av Bypakken
  • Ansvarleg for oppfølging av framdrift, økonomi og teknisk kvalitet i kontraktar med eksterne aktørar

Kvalifikasjonskrav

  • Ingeniørutdannelse innan veg, anlegg, e.l.
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring frå arbeid med utvikling og utforming av offentlege uterom
  • Erfaring frå gjennomføring av veg- og anleggsprosjekt er ønskeleg
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy knytt til planlegging, design og prosjektstyring
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner og kommunikasjonseigenskapar og som trivst i eit hektisk arbeidsmiljø med mange forskjellige interessentar og aktørar. Vi ønsker i tillegg at du er strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i utveljinga. Vi kan tilby ei stilling med gode utviklingsmoglegheiter og varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit av dei største og mest attraktive byggeprosjekta på Nordvestlandet.

Ønsker du meir informasjon om stillinga er du velkomen til å kontakte vår rådgjevar i Yapril AS, Marius Halvorsen +47 922 95 786. Alle søknadar og henvendingar handterast konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar i den innleiande prosessen.

I medhald av offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønsket ikkje vert imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette.

Arbeidsgiver: Ålesund kommune
Stillingstittel: Byggeleiar Bypakke Ålesund
Arbeidssted: Ålesund
Søknadsfrist: 08.04.2021

Har du spørsmål?

Marius Halvorsen

Management Consultant
Yapril AS

+47 922 95 786
marius.halvorsen@yapril.no
Møt meg på LinkedIn

Ålesund kommune

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Yapril – Bypakke Ålesund – Byggeleiar